Kommuneplanen sin arealdel vart vedteken av Voss heradsstyre 22.10.20, sak 102/20, i medhald av plan- og bygningslova § 11-15. Heradsstyret sitt vedtak om kommuneplan kan ikkje påklagast.
Kommuneplanen er Voss herad sin overordna plan som legg føringar for utvikling, aktivitetar og framtidig arealbruk.
Arealdelen er bindande og består av planskildring, plankart, planføresegner og retningsliner, og tilhøyrande vedlegg. Arealdelen sine dokument ligg tilgjengeleg i Voss herad sitt planregister
Oppdatert kommuneplankart er lagt inn i Vossakart
Plandokumenta er i tillegg tilgjengelege i Servicetorget på Tinghuset
Sist endra 06.11.2020 08.19