Samarbeid med PwC i Voss iPluss2027

Voss herad vel å samarbeida med PwC i Voss iPluss2027 – «me ynskjer bistand til å “finna” 40 nye millionar i innsparingar».

Les pressemelding frå rådmann Martin Kulild her.

Voss er midt i omstillingsprosjektet Voss iPluss2027 som skal bidra til å sikra berekraftige tenester og økonomi. Det er vedteke at me skal få bistand frå eit eksternt firma for å identifisera ytterlegare tiltak for økonomisk innsparing og eit framlegg til ny heilskapleg organisasjonsmodell som fremjar samhandling og bygger ned silotenking.

Det skal vera eit særleg fokus på tenester som bør endrast for å bli personellmessig og økonomisk berekraftige. Konsulenten skal også analysera dei administrative funksjonane i sentrale stabar og i tenesteområda, for å vurdera om me er best mogleg organisert for å sikra optimal ressursutnytting, spesialisering, tilstrekkeleg kvalitet og kapasitet til å møta framtidige krav og behov.

Gjennomgangen skal mellom anna vurdera kapasitet og struktur på sjukeheimar, og vurdera om tenestene kan verta meir kostnadseffektiv utan at det går på kostnad av kvalitet for brukarane. Kapasiteten på fastlegetenestene skal analyserast, og om Voss herad eventuelt har utfordringar med å rekruttera og behalda fastlegar.

Konsulenten skal sikra involvering og eigarskap i organisasjonen. Dei skal intervjua nøkkelpersonar som til dømes tillitsvalde/verneombod, leiarar og tilsette i ulike delar av organisasjonen og i prosessen ha fleire møter med formannskapet.

Voss herad inviterte tre firma til å gje tilbod på oppdraget. Etter ein heilskapleg vurdering på bakgrunn av definerte tildelingskreterier, valde heradet å gje tilbodet til firmaet PWC. Arbeidet startar før jul og resultatet skal presenterast for heradsstyret 16. april 2026. Me ser fram til samarbeidet.

Vennleg helsing, Martin Kulild, rådmann