Eigedom og bustad

Tenesteområdet omfattar drift, vedlikehald og nyinvestering i kommunale bustader, eigedomsforvaltning og kommunale grønt- og friområde. Formålsbygg er sortert under tenesteområda i tabellen nedanfor, og skal omtalast der: 

 
Tenesteområde  Funksjon 
1 Administrasjon og leiing  130 administrasjonslokale 
2 Grunnskule  222 Skulelokale og -skyss 
3 Barnehage  221 Barnehagelokale og –skyss 
7 Omsorg  234 Aktivisering av eldre og funksjonshemma
261 Institusjonslokale 
9 Kultur og fritid (inkl. Kyrkja)  381 Kommunale idrettsanlegg/bygg 
386 Kommunale kulturbygg 


Tenesteområdet har ansvar for generell forvalting av kommunale bygg og eigedomar, uavhengig av om dei er i drift eller ikkje. Kommunen har også tilbod om bustad til innbyggjarar som ikkje klarer å skaffa eigen bustad sjølve, personar med låg buevne og innbyggjarar som har behov for tilpassa bustad. Den kommunale bustadmassen er jamt fordelt på fleire eigarar; Voss herad, Voss Bustadstifting, Voss eigedom AS og Granvin Bustadstifting. 

Tenesteområdet har også ansvar for forvalting, drift og vedlikehald av kommunale parkar, friområde, leikeplassar/nærmiljøanlegg, idrettsanlegg, badeplassar, utandørsanlegg ved skular / barnehagar / omsorgsbygg/ administrasjonsbygg, samt vintervedlikehald og drift av skuleplassar, gangvegar og andre mindre samferdsleanlegg. 

 I Voss herad har park og idrett samarbeid med kyrkja om drift og vedlikehald av gravplassar og anlegg kring kyrkjene, samt graving i samband med gravferder.