Voss herad vil gi undervisingstilbod ved 11 grunnskular, der 8 er reine barneskular, to er kombinert barne og ungdomsskular, og ein rein ungdomsskule. Pr dags dato er elevtalet i Voss herad 1870 elevar fordelt på dei 11 skulane i heradet.
Tenestetilbodet omfattar også SFO tilbod ved 10 grunnskular i 2021. To av skulane, Vangen og Gullfjordungen tilbyr utvida SFO tilbod i haust- og vinterferie samt tre veker i sommarferien.
Ein barneskule og ein ungdomsskule har innføringsklassar som rettar seg mot nyinnkomne flyktningar.
Sist endra 14.09.2022 09.26