Helse

Helsetenestene omfattar førebygging og behandling. Førebyggande tenester er: 

  • rehabilitering og habilitering 
  • ergoterapi og fysioterapitenester 
  • støttekontakttenesta 
  • legetenesta 

Helsetenestene skal vera framtidsretta, samanhengande, tilgjengelege og med tidleg innsats som verkar førebyggande. Dette skal føra til at innbyggjarane meistrar sine utfordringar og lidingar, samt førebyggje utvikling av sjukdom. Voss herad har vedteke ein politisk strategi som er styrande for tenestetilbodet for helsetenestene. Alle tilbod skal vera tufta på tanken om at innbyggjarane skal klara seg sjølve lengst mogleg i eigen heim, med rett nivå på eventuelle helsetenester frå heradet.  Kommunane i Noreg har overteke mykje ansvar frå spesialisthelsetenesta. Heradet har styrka det rehabiliterande tilbodet, samt oppretta eit Frisklivs- og meistringstilbod. Begge tilboda vil ein jobba vidare med å utvikle og tilpassa behovet etter innbyggjarane.