Omsorg

Omsorgstenestene i Voss herad omfattar heimetenesta, aktiviseringstilbod, sjukeheimsopphald, augeblikkeleg hjelp-døgnopphald og tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. I tillegg har heradet tilbod om utgreiing av mogleg demens, korttidsavdelingar, omsorgsbustader for menneske med nedsett funksjonsevne og omsorgsbustader for andre med behov for oppfylging. Drift av institusjonslokale ligg også under dette tenesteområdet.