Samferdsel

Tenesteområdet omfattar drift, vedlikehald og nyinvestering i kommunale vegar, inklusiv kommunale gang- og sykkelvegar samt Voss flyplass Bømoen. 

Voss herad har 300 km kommunal veg (Voss: 242 km, Granvin 47 km, del av Ullensvang 12). Noko under halvparten har fast dekke og resten er gruslagt. Tidlegare Voss herad har 6 km gang- og sykkelveg, omlag 100 bruer og 6 tunnelar. Avdelinga har òg ansvar for flaumsikringstiltak.  

Eininga har ansvar for verkstad som driftar og vedlikeheld kommunale bilar samt maskinpark for heile Voss herad.  Eiga anleggsavdeling tek mindre utbyggingsoppgåver og vedlikehaldsarbeid.

Voss flyplass Bømoen er ein flyplass til ikkje almen bruk. Voss fallskjermklubb har er ein stor brukar av flyplassen. I tillegg til flyklubbar og eit helikopterselskap med tilhald i tilknyting til flyplassen. Det er søkt ny konsesjon for inntil 10 000 bevegelser årleg.