Vatn, avlaup og renovasjon

Tenesteområdet omfattar drift, vedlikehald og investering i kommunale vatn- og avlaupsanlegg (VA-anlegg). Renovasjon er delegert til det interkommunale selskapet Indre Hordaland Miljøverk (IHM IKS). 

Hovudoppgåvene til VA-avdelinga er å produsera tilstrekkjeleg vatn med god kvalitet til abonnentane og syta for å ta vare på avlaupsvatnet frå kommunal kloakk, industri og spreidd busetnad på ein måte som hindrar at det oppstår miljøulemper i vassdrag og sjø. Tøming og handsaming av slam frå septiktankar og tømestasjon for bubilar sorterer også innanfor dette tenesteområdet. 

Voss herad har 11 store og mindre vassbehandlingsanlegg, 11 reinseanlegg, 60 pumpestasjonar og  slamavskiljarar med tilhøyrande ca 300 km leidningsnett.  Avdelinga administrerer slamrømming av septiktankar heile heradet

Økonomiplan og budsjett for tenesteområdet syner negative tal, noko som betyr at tenesteområdet totalt sett har netto inntekter. Det vert utarbeida kalkylar for kvart enkelt sjølvkostområde, med indirekte kostnader frå andre tenesteområde som del av grunnlaget.