Vedteken i Heradstyret 24.september 2020. Planen gjeld frå 2020 – 2024.
Hovudmålet i planen er at innbyggarane i Voss herad skal leva eit liv utan vald.
Planen er satt saman av to delar – ein kunnskapsoversikt og ein tiltaksliste.
Handlingsplanens kunnskapsoversikt
Våga å sjå - tora å spørja - mot til å handla
Handlingsplanen inneheld kunnskap om vald, bekymringsteikn og kva ein skal gjera når ei bekymring oppstår. Planen skal vera eit verktøy for å forhindra, avdekka og handtera all form for vald i nære relasjonar. Gjennom bevisstgjering og kunnskap om vald i nære relasjonar ynskjer me å formidla ei haldning om nulltoleranse mot vald og seksuelle overgrep.
Handlingsplanen skal medverka til at alle som arbeider og/eller er i kontakt med barn, unge og vaksne i alle aldrar, skal våga å sjå, tora å spørja og ha mot til å handla slik at valden tek slutt.
Handlingsplan kunnskapsoversikt (PDF, 467 kB)
Handlingsplanens tiltaksliste
Tiltakslista inneheld tiltak som skal bidra til at alle som arbeidar eller er i kontakt barn, unge og vaksne i alle aldrar, skal våga å sjå, tora å spørja og ha mot til å handla slik av valden opphøyrer
Handlingsplan tiltaksliste (PDF, 295 kB)