Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2026-2030 vart vedteken av heradsstyre 18.juni 2026

Les planen i sin heilskap her: Handlingsplan mot vald i nære relasjonar

Hovudmålet i handlingsplanen er henta frå kommuneplanen sin samfunnsdel. Planen er forankra i satsingsområdet Utanforskap i Planstrategien og skal systematisera og samordna Voss herad sitt arbeid mot vald i nære relasjonar. 

Hovudmål:

Voss er bygd for alle, og innbyggjarane opplever meistring, tryggleik og deltaking i fellesskap.

Voss herad er ein berekraftig kommuneorganisasjon, økonomisk robust med tenester på rett nivå.

Delmål:

  1. Hindra at innbyggjarar vert utsett for  vald og overgrep.
  2. Valdsutsette og valdsutøvarar får rett hjelp tidleg.

    Handlingsplanen er eit verktøy for både innbyggjarar og tilsette. Alle skal våga å sjå, tora å spørja og ha mot til å handla slik at valden tek slutt. Avverjeplikta inneber at alle har ansvar for å bidra til å stoppa vald og overgrep.
     

Strategiar:

  1. Styrkt førebygging
  2. Samordna innsats for tidleg avdekking og rett hjelp
  3. Styrkt kompetanse
  4. Tilgjengeleg, tydeleg og synleg informasjon