Kompetanseplan for helse og omsorg 2024-2027

Kompetanseplan for helse og omsorg syner korleis me skal arbeida med kompetansestyring og utvikling for å nå måla våre. Planen vil fungera som ei handbok og er styrande for alt kompetansearbeid.
 

Kompetanseplan i helse og omsorg 2024-2027

 

Kompetanseutvikling er å utvikla ny kunnskap, ferdigheitar, og haldningar for å dekka framtidige kompetansebehov. God kompetanse på rett nivå og stad og til rett tid, er ein føresetnad for gode, effektive og trygge tenester. Det vil vera viktig å sikra at heradet gjennom kompetanseheving styrkar sine moglegheiter til å utvikla berekraftige og gode helse- og omsorgstenester.

Heradet skal ivareta brukarar og pasientar med stadig meir samansette og komplekse behov. Analysar og framskrivingar viser at kommunen vil stå framføre utfordringar med å skaffa tilstrekkeleg og kompetent bemanning til tenestene i åra som kjem. Me skal utvikla tiltak og investera i løysingar som gjev lågast mogleg personellvekst i våre helse- og omsorgstenester, men som samtidig held oppe tenestetilbodet og kvaliteten i Voss herad.

I lys av den aukande forsørgjarbrøken for eldre, samt framskrivingar av behov for arbeidskraft, vert det viktig at me kan levera god kvalitet på tenestene, og det krev god og rett kompetanse. Dei som arbeidar i brukarretta tenester skal kunna handtere komplekse arbeidsoppgåver og gje tenester til brukarar med samansette behov.

Me er i ein situasjon der behov for arbeidskraft ikkje samsvarer med tilgang på helsepersonell. Helsepersonellkommisjonen slår fast at det ikkje er mogleg å bemanna seg ut av utfordringane. Heilt uavhengig av det framtidige økonomiske handlingsrommet, er det tilgang på personell som avgrensar tenestene og hindrar
utvikling. Det er viktig at det er tydeleg for alle at det varsla behovet ikkje kjem til å endra seg utan at me gjer radikale endringar.

Målsetjinga om å behalda og utvikla gode og berekraftige helse- og omsorgstenester til
befolkninga i Voss herad er berre mogleg dersom omfattande nødvendige tiltak vert
sette i verk i  tide.

Me har fem tiltaksområde for å få gjennomført ei berekraftig utvikling:

  1. Strategisk kompetansestyring
  2. Helsefremjande arbeidsplass
  3. Rekruttera, behalda og utvikla
  4. Ny oppgåvedeling bygd nedanfrå
  5. Arbeidsbesparande teknologi og innovative arbeidsprosessar

Mål:

  1. Helse og omsorg skal jobba for å få nok og rett kompetanse
  2. Tilsette skal ha kompetanse på, og tenestene innrettast slik at førebygging og rehabilitering er eit grunnleggjande fokus i helse og omsorg
  3. Rett oppgåvedeling for god samhandling og ei berekraftig bemanning av helse og omsorg.
  4. Me skal investera i arbeidssparande teknologi og innovative arbeidsprosessar