Kommundelplan - Tidleg innsats og livsmeistring, har som føremål å bidra til at barn og unge får ein god oppvekst, og dei beste føresetnadane for å meistra eige liv. Dette skal me få til gjennom auka merksemd på førebygging, tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid, der barnet er i fokus.
Målgruppa for planen er barn og unge (0 - 25 år) og tilsette i Voss herad.
Utval for levekår vedtok i sak 36/24, den 4.9.2024 at Kommunedelplan - Tidleg innsats og
livsmeistring, med vedlegg, vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn. Frist for høyringsinnspel er 25. oktober 2024.
Voss herad ynskjer alle innspel velkomen.
Send høyringsinnspel til postmottak@voss.herad.no eller per post til postboks 145, 5701 Voss. Det
bes om at innspela vert merka 23/9420
Høyringsutkastet med vedlegg finn du her:
Her finn du høyringsutkastet til Kommunedelplan - Tidleg innsats og livsmeistring
Kunnskapsgrunnlaget finn du her (PDF, 6 MB)
Oversikt over strategiar og ansvarsfordeling finn du her (PDF, 197 kB)