Medverknad for barn og unge

Kommunedelplan for tidleg innsats og livsmeistring skal verta Voss herad sin plan for barn og unge i alderen 0 - 25 år. Planen skal sei noko om kva me skal satse på og kva me må gjere for at barna og unge får dei beste føresetnadane for å meistra eige liv. Korleis me saman skal arbeide for at alle barn og unge på Voss får ein god oppvekst.

For at planen skal bli best mogleg ynskjer me å høyra frå barn og unge i bygda vår. 

I boksane under finn de informasjon om korleis barna og dei unge i barnehage, barneskule, ungdomsskule og VGS kan medverka til planen. Informasjon til føresette finn de her (PDF, 144 kB)

Frist for innsending av innspel er 5. juni 2023