Strategi for klimatilpassing

Strategi for klimatilpassing vart vedteke i Voss heradsstyre den 16. mars 2023 og tek utgangspunkt i dei overordna mål om klimatilpassing frå Vossaklima 2030. 

*  Voss herad si evne til å tåle klimaendringar er styrka fram mot 2030
*  Bygda skal utviklast til at me er rusta for endringar som er forventa fram mot 2050. 

Arbeid med klimatilpassing handlar om å forstå konsekvensane av at klimaet endrar seg og setje i verk tiltak som kan hindra og redusera skade, samt sjå dei mogelegheitene som klimaendringane inneber. 

Heradet har ei særleg rolle i arbeidet med klimatilpassing, både som myndigheitsutøver, som tenesteleverandør, som eigar og som tilretteleggjar og pådriva. 

 

Sju delstrategiar er formulert for å sikra at arbeidet med klimatilpassing i heradet vårt vert utført på eit sett som kan bidra til at me når dei overordna måla:

  1. Voss herad skal tileigna seg relevant kunnskap, og forvalta og formidla kunnskapen på tvers av sektorar i heradet, både internt og eksternt.
  2. Voss herad sitt arbeid med klimatilpassing skal vera prega av god dialog med innbyggjarane våre.
  3. Voss herad skal integrera klimatilpassing i planarbeid og eiga verksemd.
  4. Voss herad skal vera pådrivar for eit tett og godt samarbeid med relevante offentlege og private aktørar.
  5. Arbeidet med klimatilpassing i Voss herad skal leggja samfunnsøkonomiske prinsipp til grunn.
  6. Voss herad skal greia ut og gjennomføra aktuelle tiltak for å avgrensa risiko ved akutte klimarelaterte hendingar
  7. Voss herad skal greia ut og gjennomføra tiltak for å avgrensa risiko ved langsiktige klimarelaterte hendingar

 

Les strategien her (PDF, 814 kB)