BygdaLab og møteverksemd

BygdaLab 

Har du spørsmål om kommuneplanen sin arealdel, korleis du kan gje innspel, eller ynskjer informasjon om arealbruk på ein eigedom? 
I mars har me «BygdaLab» i Foajeen i Gamlekinoen der me er tilgjengelege for spørsmål og informasjon om planarbeidet. Me held opent følgjande dagar: 

  • kl. 12.00 - 17.00: Tysdag 3., torsdag 5., torsdag 12. og tysdag 17. mars 
  • kl. 8.00 – 12.00: Tysdag 10. og torsdag 19. mars

Planavdelinga vil vera til stades for å svara på spørsmål og informera om arbeidet med kommuneplanen sin arealdel. Velkomen innom!

Opne møter

Me held ope i BygdaLab’en følgjande kveldar frå kl 17.30-20.00:

Onsdag 4. mars: Informasjon om bruk av kartverktøy 
Planavdelinga vil halda ei kort orientering i plenum kl. 18.00

  • Korleis kan du nytta Vossakart og kva informasjon ligg tilgjengeleg?
  • Korleis kan du senda innspel til arealdelen?

Me er tilgjengelege for hjelp til bruk av kartverktøy, innspelsløysinga og planarbeidet elles fram til kl. 20.00 denne kvelden.

Måndag 9. mars: Møte med tema bustadutvikling kl. 18.00

  • Korleis skal me utvikla nye bustader for å møta framtida sine utfordringar?  Innlegg ved Oda Ellensdatter Solberg, Natural State/Sol-Is arkitekter 
  • Bebuar Normann Natland fortel om det å bu i seniorbustad i Helgetun – eit pilotprosjekt der felles tilbod og aktivitetar er vektlagt 

 

Onsdag 18. mars: Informasjon om planvask 
Planavdelinga vil halda ei kort orientering i plenum kl. 18.00

  • Kva ligg i omgrepet «planvask», og kva inneber dette?

Me er elles tilgjengelege for spørsmål knytt til planvask og arbeidet med arealdelen fram til kl. 20.00 denne kvelden.

Velkomen til opne kveldsmøter i BygdaLab’en!