Status for arbeidet med kommuneplanen sin arealdel

Voss heradsstyre vedtok å rullera både kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel den 05.09.2024.

Kommuneplanen sin samfunnsdel med arealstrategi vart vedteke 05.02.2026. Etter at arbeidet med samfunnsdelen vart ferdigstilt, er det kommuneplanen sin arealdel (KPA) som har vore i fokus. Arealdelen er heradet sin overordna plan for arealbruk, og skal fylgja opp mål og strategiar frå samfunnsdelen.

Kor er me no? 

I februar 2026 vart det opna for å sende inn arealinnspel til arealdelen. Heradet fekk inn om lag 90 innspel. Alle innspela er vurdert opp mot føringane i den vedtekne samfunnsdelen og arealstrategien, og vil fylgja saka vidare fram mot politisk fyrstegongs handsaming. 

Ei innleiande vurdering og grovsiling av arealinnspela vart lagt fram for Formannskapet, plan og økonomi i ei undervegssak om kommuneplanen sin arealdel den 25. juni 2026. Saka omfattar også vurderingar og tilrådingar knytt til planvask og forslag til korleis prinsippet om arealnøytralitet kan fylgjast opp i praksis.

Du kan lesa meir om saka, vedtaket og vurderingane knytt til arealinnspel, planvask og arealnøytralitet i protokollen frå møtet i formannskapet 25. juni 2026.

Kva skjer vidare?

For arealinnspel som er prioritert for vidare arbeid, skal det gjennomførast nærare vurderingar. Mellom anna må det vurderast kva verknader dei føreslegne arealendringane kan få for miljø og samfunn – ei konsekvensutgreiing. 

I tida framover vil heradet også arbeida vidare med planvask og utarbeiding av forslag til plankart, føresegner, planomtale og andre relevante plandokument.

Når arbeidet er ferdigstilt, vil eit samla planforslag verte lagt fram til fyrstegongs politisk handsaming.

Når kan du koma med innspel?

Etter fyrstegongs politisk handsaming vil planforslaget verta sendt ut på høyring og offentleg ettersyn, slik at innbyggjarar, organisasjonar og andre interesserte kan kome med merknader før endeleg vedtak. Alle innkomne merknader vil verta handsama og vurdert før kommuneplanen sin arealdel vert sendt til godkjenning.

Det vil koma informasjon om høyring og offentleg ettersyn både i Avisa Hordaland og her på heimesida.