Folkehelseoversikt 2024 - 2027
Folkehelselova pålegg kommunar og fylkeskommunar å ha oversikt over helsetilstanden i befolkninga med dei positive og negative faktorane som kan verka inn på helsa. Oversikta skal ha ei særleg merksemd på trekk ved utviklinga som kan skapa eller oppretthalda sosiale eller helsemessige problem eller sosiale helseskilnader.
Folkehelseoversikta vil utgjera ein viktig del av det langsiktige og systematiske folkehelsearbeidet i kommunen. Føremålet er å bidra til ei samfunnsutvikling som fremjar befolkninga si helse og utjamnar sosiale helseskilnader.
Sist endra 16.11.2023 14.51
Folkehelsa i Vestland utviklar seg om lag som folkehelsa generelt i landet. Voss herad skil seg ikkje markant ut samanlikna med det store biletet. Det er likevel somme trekk og trendar det vil vera relevant å ha ekstra merksemd på i åra som kjem. Dette er:
- Levealderener høgare på Vestlandet enn i andre fylkeskommunar, og forventa levealder i Voss herad er høgare enn landsnivået. Dette indikerer at innbyggarane i Voss herad har betre helse enn landsnivået. Det er likevel utfordringar knytt til ei aldrande befolkning på Voss. I 2030 er det fleire eldre enn born i Voss herad.
- Personar som kjenner på einsemd og slit med psykiske lidingar aukar - både i landet, på fylkesnivå og i Voss herad.
- Stoda i vossaskulane - både kva gjeld trivsel på skulen og meistringsnivå.
- Innbyggarar som bur i hushald med vedvarande låg inntekt i Voss herad aukar, men me ligg framleis under landssnittet.
- Samanhengen mellom klima, folkehelse og psykisk helse. Mange unge er uroa for framtida, og klimaangst er eit reelt fenomen som me enno ikkje veit omfanget eller alvorsgrada av.
Folkehelseoversikta kan du lesa her (PDF, 2 MB)