Med utgangspunkt i gjennomført innbyggjarundersøking og relevante kommunale planar skal bygda i fellesskap arbeida for at Voss skal vera ein ansvarleg og internasjonal leiande grøn destinasjon for heilårleg baseturisme.
I komande strategiperiode skal me satsa på å få betalingsvillige og etisk bevisste gjestar til bygda. Gjestane skal primært koma frå Europa, dei skal jakta på ekte og autentiske opplevingar, dei skal verta verande lenger, dei skal leggja att verdiar, og dei skal koma attende.
Reiselivsstrategi for Voss er utarbeidd som vedlegg til SNU Voss: Voss herad sin plan for strategisk næringsutvikling (2023–2030).
Her finn du reiselivstrategien for Voss (PDF, 2 MB)