Voss Herad

Samleside om koronavirus

Voss herad oppdaterer fortløpande med informasjon om covid-19, koronavirus. Les oppdatert informasjon her.

TLF TESTING OG VAKSINE: 900 89 662.
 

Søknad om fritak eigedomsskatt 2022 

Søknad om fritak eigedomsskatt 2022 

I Voss herad kan heradsstyret gje fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova §7 a og b.  

Dette gjeld eigedomar som fyller vilkåra om å vera eigd av stiftingar, institusjonar eller organisasjonar som er til gagn for heradet, eller eigedomar som har historisk verde.  For skatteåret 2022 må alle senda inn søknad om fritak på nytt for å bli vurdert.  

Søknadsfrist er 30. november 2021. 

 

Elektronisk søknadsskjema 

Kven kan kvalifisera til fritak?  

Det er Eigedomsskattelova §7 a og b og lokale retningslinjer som regulerer kven som kan få fritak.  

Eigedomar åt stiftingar, institusjonar og organisasjonar som er til gagn for heradet (§7 a)  

Eigedomen må vera eigd av stiftinga/inst./organisasjonen, og ha eit allmennyttig føremål. Fritak kan ikkje gjevast til organisasjonar som har føremål om å gje utbyte til eigarane, eller driv kommersiell aktivitet.   

Døme på eigedomar som kan fylla vilkår for fritak: Museumsbygningar, idrettsanlegg, lokale for velforeiningar, lokale for religiøse samfunn, sjukehus m.m.   

Bygningar som har historisk verde (§ 7 b)  

Det vert gjeve fritak for eigedomar som står på fylkeskonservatoren si liste over bygningar som er freda etter forskrift. Bygningar som er vurdert som historiske etter Voss herad sin kulturminneplan kan også gjevast fritak for. Dette må opplysast om i søknaden. Vilkåra som må vera til stades for å få fritak er:  

  • Bygget skal vera autentisk og i god stand   

  • Kopi av bygg kvalifiserer ikkje til fritak   

  • Næringsbygg får ikkje fritak dersom fritak medfører konkurranseføretrinn  

 

For at eigedomen skal bli vurdert for fritak av eigedomsskatt for 2022 må du fylla ut elektronisk søknadsskjema og søkja innan 30. november. Det må også leggjast ved dokumentasjon. Voss heradsstyre vil deretter behandla innkomne søknadar.   

 

Link til Elektronisk søknadsskjema