Voss herad nytter bustadverdi (formuesgrunnlag) frå Skatteetaten som grunnlag for å berekna eigedomsskatt. Eigedomsskatten for 2026 byggjer på bustadverdi frå inntektsåret 2024.
Dersom opplysingane dine om eigedomen er feil, må du ta dette direkte med Skatteetaten. Du kan endra sjølv ved å senda ei endringsmelding til Skatteetaten. Du skal ikkje melde frå til heradet om dette. Dersom Skatteetaten endrar bustadverdien for det aktuelle året, får heradet melding om dette og vil retta eigedomsskatten.
Dersom opplysingane er riktig registrert, men du meiner bustadverdien er for høg i forhold til marknadsverdi, kan du endra bustadverdien dersom visse vilkår er oppfylt. Det er fastsett visse grenser for kor høg bustadverdien kan vera i forhold til reell marknadsverdi. For eigedomsskatt utskriven i 2026 er det grensene for inntektsåret 2024 som er aktuelle:
- For bustader du eig og bur i (primærbustad), kan nedsetting krevjast dersom formuesverdien utgjer meir enn 30 prosent av marknadsverdien.
- For bustad du eig, men ikkje er registrert busett i (sekundærbustad), kan nedsetting krevjast dersom formuesverdien overstig eigendomen sin dokumenterte marknadsverdi.
Du må kunne dokumentera bustaden sin marknadsverdi dersom Skatteetaten etterspør dette.