FakturaHer finn du informasjon om faktura og betaling. Sist endra23.09.2021 14.02 Kvar finn eg fakturaen min? Du får fakturaen elektronisk. Faktura til privatpersonar: Har du Avtalegiro, vert fakturaen trekt automatisk i banken på forfallsdag. Du får tilsendt melding/kopi av faktura som vert trekt. Har du eFaktura, finn du fakturaen i nettbanken din. Har du ikkje eFaktura, får du faktura i din digitale postkasse (Digipost eller eBoks) eller i Altinn. Du finner også fakturaen i fakturaoversikten på Mi side (Logg inn). Har du reservert deg mot digital post, får du faktura i posten. Faktura til verksemder/organisasjonar: Dersom du kan ta i mot EHF vil du få fakturaer frå Voss herad levert som EHF. E-post Du finn også fakturaen i organisasjonens fakturaoversikt på Mi side (logg inn). For å opne fakturaoversikten på Mi side, må du ha rolla kommunale tenester i Altinn. Dagleg leiar og styreleiar har rollene "Kommunale tenester" og "Post/arkiv" automatisk, men andre kan også få disse rollene. Kontakt Altinns brukarservice for hjelp til å endre roller i Altinn. Kopi av manglande faktura finn du enkelt ved å logge deg inn på Mi Side Kvifor ser eg ikkje fakturaen i nettbanken? Du må inngå avtale om eFaktura for å få fakturaer frå Voss herad levert i nettbanken. Merk at dersom du har avtale om å få faktura på AvtaleGiro, må du i tillegg inngå avtale om eFaktura for å få fakturaen opp i nettbanken. Når mottar eg faktura? Kommunale avgifter og eigedomsskatt – vert fakturert terminvis 3 gonger i året med forfall 20.03., 20.06. og 20.10. Barnehage og SFO – faktura vert sendt ut kvar månad med forfall den 20. Fakturaen gjelder for inneverande månad. Helsetenester – faktura vert sendt ut etterskotsvis kvar månad med forfall den 20. Faktura gjelder føregåande månad. Husleige – vert fakturert på månadsbasis med forfall den 20. kvar månad. Andre tenester – faktura vert sendt ut fortløpande. Manglar faktura Dersom du manglar faktura finn du denne enkelt ved å logge deg inn på Mi side. Du kan også sende e-post til postmottak.okonomi@voss.herad.no Du kan bestille kopi av faktura på vegne av: - deg sjølv - nokon du har fullmakt for - ei bedrift eller organisasjon du representerer Har du betalt for mykje? Har du betalt rekninga dobbelt eller av andre grunnar betalt for mykje? Da vil du automatisk få tilbake det du har betalt for mykje. Pengane får du på kontoen du betalte frå. Endre fakturamottakar eller fakturaadresse For å endra fakturamottakar eller fakturaadresse må du ta kontakt med økonomiavdelinga i Voss herad. Det gjer du ved å sende e-post til postmottak.okonomi@voss.herad.no. Faktura som gjeld kommunale avgifter og eigedomsskatt kan berre stilast til heimelshavar. Dersom det er fleire heimelshavarar på same eigedomen må den eine av heimelshavarane stå som mottakar av faktura. Det er mogleg å endra kven av eigarar som skal vera mottakar av faktura frå kommunen. Ein heimelshavar er det same som eigar av ein eigedom. Endringa vil gjelde ved nye fakturakrav. Me har kun moglegheit å sende faktura til ein av eigarar. Kan du ikkje betale? Dersom du av ulike årsaker ikkje kan betala faktura på forfall ber me om at du tek kontakt med oss slik at me kan vurdera ein nedbetalingsavtale eller utsetjing av betaling. Kontakt økonomiavdelinga på postmottak.okonomi@voss.herad.no Betalingsutsetjing og forseinkingsrenter Du må betale forseinkingsrenter frå fakturaens forfall. Du betalar forseinkingsrenter til heile kravet er betalt. eFaktura og Avtalegiro Her finner du meir informasjon om korleis du kan forenkla dine betalingsrutinar. Kva er eFaktura Med eFaktura får du rekningane ferdig utfylt rett i nettbanken din. Du slipp å taste lange KID- og kontonummer når du skal betale rekningen. Det einaste du trenger å gjere er å godkjenne betalinga. Du kan sjølv velje å endra beløp og forfallsdato, og du kan også velje å bli varsla på e-post kvar gong du mottar ein ny rekning i nettbanken E-faktura referanse er 00+kundenummer Td. 00310180 Kva er AvtaleGiro? AvtaleGiro er ein teneste for automatisk betaling av faste rekningar. Banken sørgjer for at rekningane vert betalt direkte frå din konto på forfallsdato. Du beheld full oversikt og kontroll over rekningane dine, sjølv om AvtaleGiro trekkene vert gjort av banken. Avtalegiro referanse er KID-nummer på faktura Kombinasjon av AvtaleGiro og eFaktura Du kan kombinere AvtaleGiro og eFaktura, fordelen er at du får opp fakturaspesifikasjon i nettbanken din. Fakturaen vil bli betalt automatisk. Du kan ordne alt dette i nettbanken din. Ta kontakt med din bankforbindelse dersom du trenger hjelp. Korleis kan eg avslutta eFaktura eller Avtalegiro? AvtaleGiro og eFaktura er avtalar inngått mellom deg og din bank, og må derfor avsluttast i banken din. Dette kan du gjere i nettbanken eller ved å kontakte bankens kundeservice.