Kommunale avgifter og eigedomsskatt

Her finn du informasjon om kommunale avgifter til vatn, avløp, septikavgift og feieavgift, samt eigedomsskatt.

Som eigar av eigedom må du betala avgift til heradet for å dekke kostnadar knytta til eigedomen. Dei kommunale avgiftene sikrar blant anna at pipa på huset ditt blir feia, avløpet ditt blir handtert og at du har reint vatn i springen.

Eigedomsskatt er ein skatt som kommunar kan vedta å innføra. Dette er heimla i Eigedomsskattelova. Dette er den einaste skatten som i sin heilskap går til kommunen, og som kommunen sjølv har full styring med. Eigedomsskatten er ei viktig inntektskjelde for kommunen. Den vert nytta til å utøva det samfunnsoppdraget som kommunen har, ved å tilby kommunale tenester og oppretthalda infrastruktur. Dette kan vera alt frå heimetenester, brøyting og vedlikehald av vegar, beredskap innan brann og flaum, og legevakttenester.  

Eigedomsskatten vert fakturert saman med kommunale avgifter. Det vil seie at du får eigedomsskatt og kommunale avgifter på same faktura.

Unntaket er sameiger som mottar ein felles faktura for kommunale avgifter. Seksjonseigarar i slike sameiger får eigen faktura berre for eigedomsskatt.

Burettslag

Burettslag får eigedomsskatt og kommunale avgifter fakturert til burettslaget. Bur du i burettslag får du derfor ikkje faktura for kommunale avgifter eller eigedomsskatt frå heradet.

Har du spørsmål om kommunale avgifter eller eigedomsskatt for din andel, må du ta kontakt med styret i burettslaget ditt.

Kva er inkludert i kommunale avgifter

De kommunale avgiftene består av vatn- og avløpsgebyr, eigedomsskatt, septikavgift, feiegebyr og renovasjon.

  • Vatn: eit fast ledd ( abonnementsgebyr ) og variabel ledd ( forbruket utrekna enten etter areal eller vassmålar
  • Avløp: eit fast ledd ( abonnementsgebyr ) og variabel ledd ( forbruket utrekna enten etter areal eller vassmålar
  • Gebyr for brann- og feietilsyn: Gebyret er ein sats pr. pipeløp.  For bustadhus og fritidsbustad vert det feia kvart 2. år, og det vert gjennomført branntilsyn kvart 4. år.  
  • Septikavgift: Tøming av septiktankar for slamavskiljar er kvart 2. år for bustadhus, og kvart 4. år for fritidshus.
  • Renovasjon: vert fakturert frå  BIR

Eig du eigedom i Voss herad? På Min side kan du sjå det du vert fakturert for, samt det du har betalt.

Kommunale avgifter

Kommunale avgifter har forfall til betaling i tre terminar 

  1. termin: 20.mars,  2.termin: 20.juni og 3.termin: 20.oktober
  • Fyrste termin har forfall 20.03. og gjeld for perioden 01.01.-30.04.
    (Faktura fyrste termin inneheld faste avgifter frå januar til april, i tillegg til avrekninga mellom stipulert og faktisk forbruk for føregåande år.)
  • Andre termin har forfall 20.06. og gjeld for perioden 01.05.-31.08.
  • Tredje termin har forfall 20.10. og gjeld for perioden 01.09.-31.12. 

Kva kan du få hjelp til?

Har du klaga på eigedomsskatten eller kommunale avgifter?

Du må i utgangspunktet betale fakturaen sjølv om du har klaga på eigedomsskatten eller kommunale avgifter. Men du kan søkje om betalingsutsetjing viss du ikkje kan betale no.

Får du medhald i klagen, får du tilbake det du har betalt for mykje. Dette vert justert på neste faktura som vert sendt ut.

Kontaktinformasjon

Tlf: 56 51 94 00

E-post: okonomi@voss.herad.no 

 

Lover og reglar

Lov om eigedomsskatt til kommunane

Lov om pant

Lov om inkassovirksomhet og annen inndriving om forfalte pengekrav

Forskrift til inkassoloven

Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav

Forsinkelsesrente

Lov om tvangsfullbyrdelse