Har du ein ubetalt faktura?
Etter forfallsdato vert det sendt ut ei betalingspåminning (purring) fra Voss herad. Dersom denne ikkje er betalt innan betalingsfristen, vert fakturaen overført til heradet sitt inkassoselskap for vidare oppfylgjing. Voss herad brukar Kredinor som inkassoselskap.
Slik betalar du inkassokrav
Du mottar ei betalingsoppfordring eller eit inkassovarsel frå Kredinor. Finn du ikkje betalingsinformasjon, ta kontakt direkte med Kredinor eller logg deg inn på MinSide på We help you make it - Kredinor.
Dersom du ikkje betalar
Fakturaer som ikkje blir betalt, går vidare til inkasso og kan føra til ytterlegare kostnadar og rettslege skritt.
Klage
Har du mottatt ei betalingsoppfordring frå Voss herad som du er ueinig i, må du senda ein skriftleg klage innan fristen som er oppgitt i brevet.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål som gjeld tenester/varer det er fakturert for (grunnlaget), kontaktar du tenestestaden/eininga som er angitt på faktura.
Dersom det gjeld betaling, ta kontakt med Kredinor.