Vasslekkasje

Framgongsmåte ved lekkasje på privat stikkleidning og fellesleidning for vatn:

Stopp lekkasjen på Vassleidningen. Ein lekkasje av storleik som ein blyant kan forsyne 100 bustader med drikkevatn. - Klikk for stort bilete
Di plikt til å stansa lekkasjar. Når du eig ein bygning som er knytt til den kommunale vassforsyninga, er leidningen frå bygningen og fram til den kommunale hovudleidningen ditt ansvar og din eigedom. Dersom fleire eigedommar har sams stikkleidning som er knytt til den kommunale hovudleidningen, er det ofrte gjort avtalar om vedlikehald. Dersom avtalen er tinglyst, kan du finna han hos kartverket. Normalt pålegg abonnementsvilkåra til kommunen eigarane eit solidarisk ansvar for å halda den felles stikkleidningen ved like. Plan- og bygningslova §31-3 pålegg eigaren ansvaret for å halda leidningane i stand, slik at det ikkje kan oppstå fare for skade på, eller større ulempe for, person, eigedom eller miljø. Det går og fram av abonnementsvilkåra til kommunen at den som eig leidningane, er ansvarleg for at vass- og avløpsanlegget på eigedommen alltid er i forsvarleg stand.  - Klikk for stort bilete
Vasslekkasjar må stansast så raskt som mogleg fordi: Lekkasjar fører til meirutgifter for vassverka og dermed auka gebyr for deg som abonnement. Det reduserer risikoen for at du og naboane misser vatnet. Når trykket i leidningen fell på grunn av lekkasjar, aukar faren for at det siver inn forureina vatn frå grunnen og inn i vassleidningen. Trykket i vassleidningen din blir betre. Det reduserer faren for at du får vasskade på eigedommen. Når ein vasslekkasje først har oppstått, vil han kunne utvikle seg til eit større leidningsbrot med påfylgjande store skadar på bygningar og terreng. Lekkasjar på private leidningar gjer det vanskeleg å oppdaga større lekkasjar på dei kommunale leidningane. Det er miljøvennleg og god økonomi å ta vare på vatnet ved å stansa lekkasjar på leidningane.  - Klikk for stort bilete
Korleis går du fram for å stansa lekkasjen: Du bør straks kontakta forsikringsselskapet ditt, eit firma som driv med lekkasjelytting og eit godkjend røyrleggjarføretak. Forsikringsselskapa kan ofte setja deg i kontakt med lekkasjelyttefirma og røyrleggjarføretak. Gjennom lekkasjelyttinga kan vasslekkasjen lokaliserast. Du må ikkje bruka vatn medan dei lyttar etter lekkasjen. Dersom lekkasjelyttinga viser at det er lekkasje på leidningen din, må leidningen gravast fram. Berre eit godkjent røyrleggjarføretak kan reparera leidningen. Reparasjonen av brot på vassleidningen er normalt ikkje søknadspliktig etter plan- og bygningslova. Dersom leidningen er gammal og i dårleg stand, er det som regel lurt å skifta heile leidningen for å unngå lekkasjeproblem i framtida. Dersom du har vassleidning av galvanisert stål, ser me helst at du skiftar han ut. All erfaring viser at slike leidningar ikkje varer lenge og bør skiftast ut før dei rustar sundt. Eit alternativ kan vera å rehabilitera leidningen ved å trekkja inn ein ny, mindre leidning eller ei plaststrømpe på innsida av den eksisterande leidningen.  - Klikk for stort bilete
Du må søkja om å skifta ut leidningen, etter plan- og bygningslova §20-1 første ledd bokstav a, med mindre kommunen gjer særskilte unntak. Sjå nettsida til kommunen eller kontakt bygningsstyresmakta i kommunen for meir informasjon om søknadsplikta. Dersom anboringa må skiftast ut, må røyrleggjarføretaket som hjelper deg med reperasjonsarbeida, ta kontakt med kommunen. Dersom det viser seg at det ikkje er noko lekkasje på leidningen, vil kommunen dekkja utgiftene du har betalt firmaet.  - Klikk for stort bilete
Dersom gravinga viser at lekkasjen er på den kommunale hovudleidningen, vil kommunen dekkja alle rimelege og nødvendige utgifter du har hatt knytt til arbeidet med å stanse lekkasjen. Når lekkasjen er reparert ber me om at du saman med røyrleggjarfirmaet fyller ut og returnerer skjemaet tilbakemelding om utført arbeid.   - Klikk for stort bilete

Kontakt

Avdeling for vatn og avløp
E-post
Telefon 56 51 94 00

Vakttelefon utanom arbeidstid: 95 26 20 60