Brunt eller misfarga vatn

Dette bør du gjera om du oppdagar eller opplever misfarga vatn.

  • Opna ei eller fleire kraner med kaldt vatn og la vatnet renna ei stund til det er klart.
  • Tappa frå ei kran så nær inntaket som mogleg.
  • Kontroller sil i vasskrana.
  • Ikkje trekk ned i toalettet medan vatnet er brunt. Skyll heller ned med ei bøtte vatn henta frå springen.
  • Unngå å tappa varmt vatn.
  • Utsett klesvask medan vatnet er brunt. Dersom du allereie har ein pågåande klesvask, tilrår me at denne vert stoppa og eventuelt starta opp igjen når vatnet er klart. Kleda bør ikkje tørkast mellom vaskene.

Kontakt

Avdeling for vatn og avløp
E-post
Telefon 56 51 94 00

Vakttelefon utanom arbeidstid: 95 26 20 60