Dei fleste vassmålarar i Voss herad ser tilnærma lik ut vassmålaren under:

Du får tilsendt ei melding eller eit brev når det er tid for avlesing. Følg lenka i meldinga eller informasjonen i brevet og skriv inn målarstanden. Du kan bruke både PC, mobil og nettbrett.
Nei. Du loggar inn via lenka du får tilsendt eller via rettleiiar på vassmålarskjema. Denne inneheld nødvendig informasjon for å hente rett målar.
Prøv å:
- opne lenka i ein annan nettlesar (Chrome, Edge eller Firefox)
- sjekke at du har internett
- kopier lenka og lime ho inn i adressefeltet manuelt
Fungerer det framleis ikkje, ta kontakt med kommunen.
Sjå på telleverket på målaren. Du skal lese av tala med svart bakgrunn.

Vanlege årsaker kan vere:
- Talet du registrerer er lågare enn sist avlesing.
- Talet er uvanleg høgt
- Systemet klarer ikkje knytte målinga til målaren
Sjekk at du har skrive rett tal. Om feilen held fram, meld frå til kommunen.
Dersom me ikkje får inn avlesing innan fristen, kan forbruket bli stipulert basert på tidlegare målingar. Dette kan gi meir eller mindre kostnad enn ditt faktiske forbruk, så det løner seg å levere avlesing.
Viascan er hovudløysinga, men om du ikkje klarer å levere digitalt kan du ta kontakt med kommunen, så hjelper me deg med registrering.
Ja. Viascan og Komtek følgjer gjeldande krav til personvern og tryggleik. Informasjonen blir berre brukt i samband med vassmåling og fakturering.