Vegetasjon som veks over veg og fortau skapar mange trafikkfarlege situasjonar for både fotgjengarar, syklistar og bilistar.
Sist endra 21.05.2024 14.27
Om du eig eller disponerer ein eigedom langs veg og/eller med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg pliktar du å gje god sikt for alle trafikantar langs eigedommen (jfr. Veglova §31 og §43):
- Hekk og buskar skal ikkje veksa ut i veg og fortau
- Trafikkskilt skal vera godt synleg
- Vegetasjon skal ikkje vera høgare enn 50 cm i sikt-soner i vegkryss
- Overhengande greiner skal ikkje vera lågare enn 3 m over gang og sykkelsti og 5 m over køyrebane
Sjå også informasjonsbrosjyre frå SVV om korleis sikra god sikt i veg og avkøyrsle.
Du kan og varsla kommunen dersom du som fotgjengar eller bilist opplever at det oppstår trafikkfarlege situasjonar i samband med vegetasjon som sperrar fortau, siktsoner o.l.