Kantklypp og vegetasjonVegetasjon som veks over veg og fortau skapar mange trafikkfarlege situasjonar for både fotgjengarar, syklistar og bilistar. Sist endra 18.05.2026 14.07 Om du eig eller disponerer ein eigedom langs veg og/eller med avkøyrsel til veg eller gang- og sykkelveg pliktar du å gje god sikt for alle trafikantar langs eigedommen (jfr. Veglova §31 og §43) Hekk og buskar skal ikkje veksa ut i veg og fortau Trafikkskilt skal vera godt synlegVegetasjon skal ikkje vera høgare enn 50 cm i sikt-soner i vegkryssOverhengande greiner skal ikkje vera lågare enn 3 m over gang og sykkelsti og 5 m over køyrebane Sjå også informasjon frå statens vegvesen om korleis sikra god sikt i veg og avkøyrsle.Du kan og varsla kommunen dersom du som fotgjengar eller bilist opplever at det oppstår trafikkfarlege situasjonar i samband med vegetasjon som sperrar fortau, siktsoner o.l.