Ny eller endra avkøyrsle

Ny, endra bruk eller utviding av eksisterande avkøyrsle frå offentleg veg til privat eigedom er søknadspliktig. 

Når det skal byggjast ei avkøyrsle frå offentleg veg er det viktig at denne vert bygd slik at trafikktrykkleiken for alle som ferdast langs vegen vert ivaretatt, og at det ikkje fører til større ulempe for drift og vedlikehald av vegen. 

I Voss herad gjeld desse retningslinjene:  gjeldande retningslinjer for avkjøyrsler til kommunal veg (PDF, 112 kB). Retningslinjene gjeld også i regulerte område.

Ein søknad om avkøyrsle til offentleg veg vert behandla av vegeigar. Søknaden vert handsama etter veglova eller plan- og bygningslova. 

Ein kan nytta Statens Vegvesen sin søkjeportal for avkøyrsler for alle offentlege vegar:  Avkjørsel | Statens vegvesen. Søknaden vert då vidaresendt til Voss herad for kommunale vegar, Vestland fylkeskommune for fylkesvegar og Statens vegvesen for riks- og europaveg. 

Dersom søknaden gjeld kommunal veg kan ein også søkja direkte til Voss herad ved bruk av dette skjemaet: søknad om avkjørsle/dispensasjon (DOC, 58 kB) 

Send skjemaet til postmottak@voss.herad.no

Eit avkøyrsle-løyve gjeld kun sjølve tilknytningspunktet mellom offentleg veg og privat eigedom. Løyve vil såleis ikkje gje f.eks byggjeløyve for andre tiltak på eigedommen. For alt gravearbeid i eller nær (3 m) den offentlege vegen skal det føreliggja graveløyve med tilhøyrande varslingsplan (skiltplan). Generell byggjegrense til kommunal veg er 15 m og til fylkes- og riksveg er det 50 m frå senter av veg. Dersom du skal byggja tettare til vegen enn dette må det også søkjast om dispensasjon byggegrense veg.