Vegarbeidet skal utførast på strekning markert i kart under. Giljavegen er oppgradert både før og etter aktuell parsell tidlegare, men denne vegstrekninga gjenstår. Vegen vil verta utvida noko i svingane, bærelaget masseutskifta, og det skal leggjast nytt dekke.
Arbeidet vil verta utført i eigen regi av Voss herad. Det vil verta starta opp med tilrettelegging av arbeidet i veke 51 og 52. Sjølve anleggsarbeidet vil byrja i starten av januar 2022. Det må påreknast periodar med stengt veg på vegstrekninga i anleggsperioden. Dette vil verta varsla nærare ved SMS til bebuara i området.
Nærare informasjon om arbeidet:
veke 51 - 2: Tilrettelegging av vegarbeidet, hogst av sideareal
Veke 3 - >: Giljavegen, mellom krysset frå Breidablikk til krysset til Tungeteigen, vert stengt for gjennomkøyring på kvardagar i tidsrommet 08.00 - 15:00 frå 17.01.2022 og utover.
Tverberg Entreprenør AS utfører sprengingsarbeid langs Giljavegen i tidsperioden 18.01.22 - 22.01.22 (veke 3). Sjølve sprenginga vert utført i tidsrommet kl 08:00 - 15:00. Sprenging vert varsla med korte sirener.
For meir informasjon kontakt Voss herad ved Steinar Een, MOB 952 62 065