Vegstenging KV 2017 Såkvitnevegen

I samband med bygging av ny bru over til Såkvitne i Granvin, vert dagens bru stengd for trafikk i perioden 16.01.24 - 02.02.2024 

Det vil i denne perioden vera laga til ein omkøyringsveg via kommunal/privat veg under vegbru på RV-13 og opp til kommunal veg til Nesheim for personbiler  (sjå kart under).

Det er ordna med renovasjonshenting slik at dei som skal levere bos i denne perioden set bosdunkane ut på vanleg måte. 

Dersom Granvinselva gjer at denne vegen ikkje kan nyttast på grunn av stor vassføring, vert det laga eit nytt alternativ for omkøyring som vert varsla via SMS.

Det vert laga til ein mellombels beredskapsveg for nødetatar i denne perioden. Nødetatar og heimehjelp vert varsla særskild.

Dersom ein har spørsmål kring stenging av vegen kan ein ta kontakt på tlf. 40403869 (Jostein Kolskår) eller 40403867 (Asbjørn Helleve)