Flaggreglement

Det er Lov om flagging på kommunens offentlige bygninger og Forskrift anggående bruk av statsflagget og handelsflagget som ligg til grunn for flaggreglementet til Voss herad. I tillegg er det behov for eit felles reglement for flagging ved andre høve, som større arrangement, skulestart og andre markeringar.

Flaggreglement utover lov, skal sikra lik praksis på alle kommunale bygg i Voss herad.

Flaggreglementet vart vedteke av heradsstyret 17. desember 2020 i sak 128/20.

Reglement

Det skal flaggast på einingane ved:

  •  Offisielle flaggdagar
  •  Kommune- og fylkestingsval
  •  Gravferd til kommunalt tilsette på eininga
  •  Det blir flagga på skulen i kvar bygd i samband med konfirmasjon
  •  Kvar skule skal flagga på fyrste skuledag

Det kan flaggast på einingane når einingsleiar finn dette naudsynt etter vanleg skikk og bruk.

 

Det skal flaggast på Voss tinghus ved:

  •  Offisielle flaggdagar
  •  Kommune- og fylkestingsval
  •  Gravferd til kommunalt tilsette
  •  Kvinnedagen 8. mars
  •  Nordens dag, 23. mars
  •  Fyrste skuledag
  •  Pridedagen
  •  Samefolkets dag

Voss herad flaggar med Sameflagget på samefolkets dag ved Voss Tinghus.


Voss herad flaggar med Prideflagget på Pridedagen ved Voss Tinghus.

 

Det kan flaggast ved Voss tinghus ved større arrangement i heradet, og elles når Rådmannen, eller den som har delegert mynde, finn det naudsynt etter skikk og bruk.

Det skal flaggast med kommuneflagget på Voss tinghus:

  •  Når heradsstyret har møte
  •  På kommunale merkedagar

 

Det kan flaggast med kommuneflagget på kommunehuset etter vedtak frå Rådmannen, eller den som har delegert mynde.


Voss herad flaggar etter oppmoding frå statlege styremakter ved fest eller sorg i landet, i samband med besøk frå Kongehuset og ved større arrangement i heradet.


I månadene mars – oktober skal flagg heisast klokka 08.00, i månadene november – februar klokka 09.00. Flagg skal firast ved solnedgang, likevel ikkje seinare enn klokka 21.00.

 

Einingsleiar ved den enkelte institusjon er administrativt ansvarleg for at flagging vert utført. Ved Voss tinghus er det bygg- og eigedomsavdelinga som har ansvar for flagging.

 

Den som vert engasjert for å utføre flagginga har krav på godtgjering etter gjeldande lov- og avtaleverk.

 

Offisielle flaggdagar

Dei offisielle flaggdagane er å finna i forskrift nummer 9733 av 21. oktober 1927.

Pr. 17.12.20:

1. januar           1. nyttårsdag

21. januar         H.K.H. Prinsesse Ingrid Alexandra sin fødselsdag

6. februar         Samefolkets dag (Sameflagget skal nyttast)

21. februar        H.M. Kong Harald V sin fødselsdag

1. mai               Offentleg høgtidsdag

8. mai               Frigjeringsdagen 1945

17. mai             Grunnlovsdagen

7. juni               Unionsoppløysinga 1905

4. juli                H.M. Dronning Sonja sin fødselsdag

20. juli              H.K.H. Kronprins Haakon Magnus sin fødselsdag

29. juli              Olsokdagen

19. august        H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit sin fødselsdag

25. desember   1. juledag

Andre dagar:    1. påskedag

                         1. pinsedag

                         Dagen for Stortingsvalet

 

Referansar og vedlegg

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1933-06-29-2

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/1927-10-21-9733

Flaggreglement for Voss herad i pdf (PDF, 435 kB)