Kommunal vigselAlle som har gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten kan gifta seg borgarleg i Voss herad. Ting vigsel i god tid før ynskja vigselsdag. For å tinga kommunal vigsel må de Senda inn elektronisk registreringsskjema til heradet Tinga prøvingsattest frå Skatteetaten Prøvingsattesten er gyldig i fire månadar. Ettersenda prøvingsattesten elektronisk eller per post til heradet Legga fram gyldig legitimasjon til heradet ei veke før vigselen. Gyldig legitimasjon er pass, norsk førarkort eller norsk bankkort med bilete. Seremonien Heradsstyresalen på Tinghuset kan nyttast som lokale til seremonien måndag til fredag kl. 10:00-15:30. Her vert det pynta med ljos, kvit duk og blom på vigselsbordet. Pynt utover dette står ein for sjølve. Planar om kulturelle innslag under vigslinga må meldast frå om på førehand. Dersom de ynskjer å gifta dykk andre stader må de sjølv stå for tinging og pynting av lokale. Tid og stad må avtalast med vigslar. Under vigslinga må det vera tilstades to vitne. Brureparet får med seg kopi av vigselsboka som midlertidig vigselsattest. Vigslarar Hans-Erik Ringkjøb, ordførar Sigbjørn Hauge, varaordførar Trude Letnes, kommunalsjef kultur og fritid Tor Halvorsen, stabssjef innbyggjarservice Etter seremonien Brureparet vil få tilsendt original vigselsattest frå Skatteetaten. Pris Vigsel i heradsstyresalen på Tinghuset eller like ved Tinghuset: gratis dersom brureparet er busett i Voss herad. For brurepar busett utanfor Voss herad kostar vigselen kr. 1000,-. Vigsel andre stader og tider: kr. 2500,- Eventuelle kostnadar til tolk må dekkjast av brureparet. Kostnader vert fakturert. Skjema Søknad / registrering Ettersending av Prøvingsattest Lovverk Ekteskapslova Forskrift om kommunale vigslar Retningsliner om kommunal vigsel (PDF, 40 kB) Sist endra 24.03.2021 15.01