Voss herad

Aktuelt frå kommunen

Det er meldt ekstremt høg vasstand frå kl 23.00 i dag måndag , til kl 03.00 i morgon tysdag. Vasstanden er estimert til å stiga med 80 – 100 cm. Dei som har verdiar nær fjorden vert oppmoda om å sikra desse. Meir informasjon: varsom.no.

   

Søknadsfrist til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2020.  Har du søkt plass tidlegare treng du ikkje søkje på nytt.

Fredag til sundag vert det VossaLAN, med kring 100 deltakarar frå ungdomsskule og vidaregåande.

  Det vert etablert mellombels barnehage på Bolstad. Ved hjelp av modulbygg kjem barnehagen på plass frå august i år.

  Vedteken økonomiplan for 2020-2023 med årsbudsjett for 2020 er no publisert.

Det er meldt ekstremt høg vasstand natt til onsdag og onsdag på dagtid, opp mot 90 cm over normal vasstand.

Voss er nominert til Bosettings- og integreringsprisen 2020, saman med fem andre kommunar

Møtet i Utval for levekår tysdag 14. januar vil ha hovudtema «morgondagens helsetenester i Voss herad».

Voss herad får 12, 5 millionar kroner til nytt kjøken. Det er Husbanken som har gjeve dette tilskotet.

 

Med overgangen til 2020, er også Voss herad formelt på plass. Me ynskjer alle saman eit godt nytt år, og gler oss til å byggja verdas beste herad.