Akuttmottak på Voss

Sana Mottaksdrift skal etablera 330 akuttplassar for flyktningar på Voss. Det er UDI som har inngått avtala med Sana Mottaksdrift, og dei første 100 plassane vil vera i drift alt frå 1. november, heiter det i ei melding frå UDI. 

Voss herad vart orientert om dette torsdag i førre veke. Dei 330 plassane skal vera på tidlegare Hiotell Jarl i Uttrågata og på tidlegare Liland hotell på Bulken. 

Drift av mottaksplassane vil skje av Sana Mottaksdrift på oppdrag frå UDI, og Voss herad har slik sett ingen rolle i drifta utover å levera nødvendige kommunale tenester innan til dømes helse og skule. 

Voss herad arbeider med å skaffa oversikt over kva auka behov dette vil gje, og korleis den kommunale organisasjonen skal rigga seg for å handtera dette.