Eit krevjande år
2024 har vore eit år prega av både utvikling og utfordringar for Voss herad. Me har halde fram med å levera gode tenester til innbyggjarane våre, trass store utfordringar med å rekruttera og halda på kvalifisert personale i fleire av tenestene våre. Samstundes har me vore nøydd til å førebu oss på ei krevjande økonomisk tid. Me avslutta året med eit underskot på nesten 28 millionar kroner, noko som understrekar dei økonomiske utfordringane me står i.
Tenesteområda har hatt eit høgare utgiftsnivå enn det som var venta, men dette var og tilfelle i 2023. Då fekk me eit underskot på omtrent 9 mill. kr. Situasjonen er forverra, då underskotet auka i 2024 med nær 20 mill. kr. I tillegg fekk me vel 20 mill.kr mindre enn venta i skatteinntekter omfordelt til oss frå andre kommunar. Med rekneskapstala som no ligg føre er det brukt ca. 34,6 mill.kr av disposisjonsfond, og det er ved inngangen av 2025 berre att nær 52 mill.kr på fondet. På lengre sikt er ikkje dette berekraftig, då me nyttar av reservane våre. Det at me har spart, og bygd opp fondsmidlane våre tidlegare år, gjer at me kan dekka det negative resultatet, slik at årsresultatet vert 0 i 2024.
Du kan lesa årsmeldinga digitalt her.