Auke i gebyr for vatn, avløp og feiing

Fredag 24. februar vert første termin for kommunale avgifter sendt ut. Vassavgifta aukar med 35 prosent, avløp med 20 prosent og feiing med 15 prosent.

Auken kjem som fylgje av høgare kostnadar og sviktande inntekter dei siste åra.

Døme

For ein einebustad utan vassmålar, med stipulert forbruk på 180 kubikkmeter i året vil auken bety dette i kroner:

  • Vatn: Opp med 1472 kroner, til 5596 pr år (4124 i fjor)
  • Avløp: Opp 1085 kroner, til 6426 pr år (5341 i fjor)
  • Feiing av eitt pipeløp: Opp 100 kroner, til 769. (669 i fjor)

Vatn, avløp og feiing vil med dette auka 2657 pr år for dette tenkte dømet. Det er mange som har vassmålar, og då vil reknestykket sjå annleis ut, avhengig av faktisk forbruk. Dersom du vil rekna på dette for din bustad, legg du på 35 prosent på vassavgifta du betaler i år, 20 prosent på avløp. Feiing går opp med 100 kroner pr pipe.

Auka eigedomsskatt

For dei fleste vil også eigedomsskatten auka noko. Voss herad har ikkje auka skattesatsen, men i og med at eigedomskatten for dei fleste bustader er basert på verdien på bustaden, som står i skattemeldinga frå Skatteetaten, vil dette bety auke for dei fleste. Voss herad har sendt ut eige brev til alle som har fått endra eigedomsskatt på sin eigedom frå i fjor. Nokon får også endra skatt som fylgje av nybygg eller endringar på eigedommen.

Høgare kostnader

Kommunale avgifter som vatn, avløp, septik og feiing vert rekna etter prinsipp om sjølvkost. Det vil seie at innbyggjarane skal betale det det kostar for kommunen å levera tenesta. Les meir om sjølvkost og sjølvkostkalkyle i faktaboksen under denne artikkelen.

 Generell prisvekst siste år pr september 2022 var 6,9% ifølgje konsumprisindeksen (KPI) frå Statistisk sentralbyrå. Både innbyggjarar og næringsliv har fått merka relativ høg prisvekst på varer og tenester i løpet av det siste året. Det same gjeld for kommunen, noko som får direkte effekt for sjølvkost-tenestene. Det kostar meir å tilby tenestene, noko som medfører høgare gebyr for innbyggjarane.

 Prisutvikling på straum, petroleumsprodukt, stål og bygg-/anleggstenester har vore vesentleg høgare enn KPI i samme periode. Dette er vesentlege for vatn og avløp. Renteauke medfører også høgare kostnadsnivå for tenestene.

 Svikt i inntekter

Framlegg til endring i gebyr vert lagt fram som del av rådmannen sitt framlegg til budsjett. Dette vert gjort basert på prognose for inneverande år med grunnlag i rekneskap til og med september månad. Prognose er berre eit forventa resultat, då rekneskapen fyrst er klar i februar året etter. Det betyr at endeleg rekneskapsresultat kjem for seint til at gebyrnivået kan justerast det påfølgjande året. Det går såleis to år før ein har god nok informasjon til å justere for inntektssvikt tidlegare år.