Voss herad har behov for å gjera grep for å sikra at me klarar å oppretthalde kvalitet i skuler og barnehager, samstundes som me må redusera kostnadsnivået på drifta vår.
For å verte i stand til å takla ytterlegare rekrutterings- og bemanningsutfordringar, og å innfri innsparingsmål for oppvekstsektoren, er det behov for å vurdera strukturgrep og redusera tal bygg me drifter barnehagar og skular i.
Framlegg til ny skule- og barnehagestruktur med kunnskapsgrunnlag finn du her: Ein barnehage og skule for framtida
Høyringsfristen er sett til 27. november. Høyringsinnspel kan sendast på skjema her eller til postmottak@voss.herad.no
Det vert folkemøte om framlegget på desse datoane:
- Onsdag 29. oktober: Granvin barne og ungdomsskue kl 18-20
- Torsdag 30. oktober: Evanger skule kl 18-20
- Tysdag 11. november: Vossestrand barne- og ungdomsskule kl 18-20
- Onsdag 12. november: Voss ungdomsskule kl 18-20