Bedriftsprisen til Motorservice Bilsenter

Motorservice Bilsenter har fått bedriftsprisen for 2023. Eigarane tok i mot prisen i forkant av heradsstyremøtet torsdag.

Bedriftsprisen vert kvart år delt ut av Voss herad, og det er utval for kultur og næring som avgjer kven som skal få prisen. Utvalsleiar Håvard Skattum delte ut prisen, og hylla vinnaren for å våga å satsa.

Dette er grunngjevinga frå utvalet:

«Utvalet har for Bedriftsprisen 2023 lagt mykje vekt på utvikling, utviding og mot til å satsa. Årets vinnarbedrift har ein historikk på Voss i 60 år, men vert no oppfatta som frisk og ny, og med sterk satsing i ei tradisjonell servicenæring som krev tilsette med solid fagkompetanse og solide handverkarar Dette er ei bedrift me som innbyggjarar overlet noko av det viktigaste og dyraste me eig; nemleg bilen vår.

Her vert bilar både seld og kjøpt, bilar vert reparert og når ting går galt med bilen din kjem desse ut med bergingsbil for å redda deg og bilen din.

Bedrifta har bygd opp eit heilt nytt senter for verksemda si. Dei har bygt Bilhuset på Istad.

Bedrifta med sine to søsterbedrifter har 18 tilsette. Dei tek også ansvar for å lærea opp nye fagarbeidarar ved at dei har lærlingar i bedrifta.  I 2023 omsette bedrifta for over 44 millionar kroner.

Utvalet hyllar bedrifta med lokale eigarar som tør endra seg og tør å satsa i ei tradisjonell og tøff bransje. Prisen vert mottatt av ekteparet som eid og driv bedrifta;  Lena Bakketun Ringheim og Stian Ringheim.»

Eigarane var glade for prisen, og synes det er kjekt å verta lagt merke til.