Beitebruksplan for Voss herad på høyring

Utval for kultur og næring vedtok i møte 2. desember (UKN sak 67/25) å leggja «Beitebruksplan for Voss herad» ut til høyring og offentleg ettersyn med frist 30.01.2026.

Høyringsinnspel kan sendast til postmottak@voss.herad.no innan 30. januar 2026.

Planen finn du via denne lenka: 

Beitebruksplan

Planen er utarbeidd i planverktøyet Framsikt. Administrasjonen har utarbeidd kunnskapsgrunnlag sjølv. Her er landbruket, beitebruken og ressursgrunnlaget for beitebruk i Voss herad omtala. Ut i frå kunnskapsgrunnlaget og medverknadsprosessen vert det peika på kva utfordringar som er knytt til beitebruk i utmark. Kunnskapsgrunnlaget munnar ut i ein handlingsdel som peikar på ulike oppdrag.

Hovudmål er henta frå forslag til kommuneplanen sin samfunnsdel (forventa vedteken februar 2026):

  • Mål 1: 1. Voss er ein attraktiv stad å bu, besøkja og driva næring, der kulturkrafta fremjar både vekst
    og vern.
  • Mål 3: I Voss kuttar me klimagassutsleppa og tek vare på naturen for framtidige generasjonar
  • Mål 4: I Voss er me budd på å handtera større uynskte hendingar

Ut i frå hovudmåla er det konkretisert to setningar om kva beitebruskplanen skal vera med å svara ut:

Beitebruksplanen skal leggja til rette for ei levande beitenæring som heldt kulturlandskap i hevd,
opprettheldt beiteverdiane og sikrar naturmangfaldet inn i framtida.

Beitebruksplanen skal vera eit verktøy som skal sikra at utmarksareala vert ivaretatt i planarbeid,
politiske prosessar og i praktisk bruk av utmarka.

Planen peikar på fire oppdrag:

  1. Ta omsyn til utmarksbeite i arealplanlegging og politiske prosessar.
  2. Bidra til å løysa flaskehalsar i næringa.
  3. Ta vare på stølskulturen og leggja til rette for naturmangfald og kulturlandskapet.
  4. Syta for at beitebruksinteresser vert teke omsyn til i anna bruk av utmarka og sikre god besøksforvaltning for å unngå konfliktar og skadar