Bekymringsmeldingar til barnevernet

244 kommunar kan vera råka av ein feil som har gjort at bekymringsmeldingar ikkje har kome fram til barnevernet. Det er ingenting som tyder på at meldingar til Voss barnevern er forsvunne.

Ein teknisk feil i eit datasystem har ført til at fleire bekymringsmeldingar til barnevernet i mange norske kommunar kan ha forsvunne. 

Voss herad nyttar same system, men grunna lokale tekniske utfordrignar er ikkje systemet fullt ut nytta på Voss enno. Voss barnevern kjenner seg trygge på at det ingen meldingar til Voss barnevern er forsvunne, men gjennomfører likevel søk i loggar for å vera heilt sikre. 

Det vert tinga oppgradering av systemet, på same måte som hjå alle kommunar som nyttar denne løysinga. Voss herad er i dialog med andre kommunar om å samarbeida om vidare dialog med Datatilsynet og eventuelle andre styremakter. 

Voss barnevern ber publikum å senda bekymringsmeldingar på papir inntil ny melding vert gjeve. 

Det er førebels ikkje grunn til å be nokon om å senda ny melding, i og med at me er trygge på at alle meldingar til Voss barnevern er kome fram.