Bli barnehagelærar i Hardanger og Voss
Hausten 2025 startar det opp desentralisert barnehagelærarutdanning i regionen vår, med studiestad mellom anna på Voss. Utdanninga er i regi av Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
Sist endra 03.12.2024 10.33
Utdanninga har ei varigheit på fire år, og er ei deltidsutdanning med eit omfang på 75%. Studiet er nett- og samlingsbasert, og ein har praksis kvart år i løpet av studiet. Praksisen vert lagt til ein godkjend barnehage i nærleiken av der du bur, om mogleg.
Her kan du lesa meir om studietilbodet og fylla ut eit uforpliktande interesseskjema: Barnehagelærarutdanning HVK
Søknadsfrist er 1. mars 2025