Gruppene blir gjennomførte ein gong i veka, og me følgjer omtrent skuleåret. Som instruktør får du ansvar for ei gruppe, enten saman med ein annan frivillig eller åleine.
Målgruppa for deltakarar i treningsgruppa er personar over 65 år som opplever begynnande utfordringar med balanse og rørsle, og som ønskjer å trena styrke og balanse for å halda seg aktive og fungera godt i kvardagen.
Tidspunkt for instruktørkurset
Tid: 19. og 20. august kl. 08.30–14.30.
Stad: Panoramasalen, Hagahaugen.
Påmelding: Send melding eller ring til kontaktpersonar som står oppført under så snart som råd.
Den tredje og siste kursdagen vert planlagd etter påmelding til kurset.
Kva får du som instruktør?
- Instruktørkurs der du lærer det du treng for å leia ei trygg og effektiv treningsgruppe
- Jamleg fagleg oppfølging frå kommunen sin Sterk og stødig-rettleiar (fysioterapeut)
- Erfaring med å bidra til betre helse, meistring og sosialt fellesskap for eldre i lokalmiljøet ditt
- Deltaking i eit hyggeleg og engasjerande frivillig nettverk. Tilbodet er ein del av kommunen si satsing på å førebyggja funksjonssvikt og fall hjå eldre.
Interessert?
Ta kontakt for ein uforpliktande prat:
Ane, fysioterapeut
Telefon: 918 74 247, E-post: ane.brekke@voss.herad
Ida, fysioterapeut
Telefon: 952 62 020
E-post: ida.yttergard@voss.herad.no