I samband med å skapa breiast mogeleg medverknad kring arbeidet med å revidera kommuneplanen sin samfunnsdel og arealdel inviterer me til borgarpanel i april.
Kva er borgarpanel?
Ein måte å medverka på, der alle deltakarane får eit honorar for å delta. Me kallar det «borgarpanel» då invitasjonane går breitt ut til eit representativt utval av alle innbyggjarane i Voss herad.
Kvifor borgarpanel?
Me ynskjer å utarbeida gode planar i Voss herad, og me meiner at dess fleire som bidreg inn i arbeidet, dess betre vert planane våre. At deltakarane får eit honorar håpar me vil gje fleire innbyggjarar moglegheita til å delta. Slik får heradet innsikt i meiningar som me kanskje elles ville gått glipp av.
Kva skal me snakka om i borgarpanela?
Det er tre ulike tema for borgarpanela:
1. Hyttebygda Voss: tysdag 1. april kl. 18.00 – 20.30
Vågar me å seia nei til meir hyttebygging sjølv om det gjev arbeid for byggenæringa, kundar til lokalbutikkane og fulle skiheisar?
2. Landbruksbygda Voss: onsdag 2. april kl. 18.00 – 20.30
Bonden er viktig, men er veg, bustad og anna utvikling viktigare? Landbruket sørgjer for arbeidsplassar, matsikkerheit, kulturlandskap, naturmangfald og identitet, likevel mistar me kvart år dyrka jord til andre føremål. Tar me godt nok vare på bøndene våre?
3. Bilbygda Voss: torsdag 3. april frå kl. 18.00 – 20.30
Me bur i ein kommune med store avstandar, og mange treng bil for å koma seg frå a til b. Men, vil me ha alle desse bilane i sentrum? Er Vangen ein god stad å vera for oss som bur her – og dei som besøkjer oss?
Har du fått invitasjon i postkassa di og ynskjer vera med?
Då vel du kva tema/ borgarpanel du vil delta på og fyller inn informasjon i påmeldingsskjemaet innan 16. mars.
NB: Det er plass til 40 deltakarar per borgarpanel. Dersom fleire melder seg på må det gjerast eit utval av heradet.
Korleis vert innspela brukte?
Det er aller fyrste gong Voss herad inviterer til borgarpanel og me gler oss til å få fram gode og nyttige innspel og meiningar til det vidare arbeidet med ny kommuneplan. Denne planen handlar om oss alle – alle som bur, går på skule, jobbar og driv næring i Voss herad. Innspela frå borgarpanela er difor viktige og vil bli samla saman, sorterte og vurderte i det vidare arbeidet med utforming av ny kommuneplan.
