Boktips frå biblioteket

Lurer du på kva du skal lesa i sommar? Sjekk ut denne rykande ferske podkast-episoden frå Voss bibliotek.

Denne gongen tek Silje, Theresa og Kirsten for seg følgjande forfattarar:

Gunnhild Øyehaug- Her kjem sola (2024)

Ingvils Skølt - Du vil kjenne eit lite stikk (2025)

Ane Barmen - Sitka: pøbelgrannoveller (2024)

Under radaren er eit nytt prosjekt biblioteket har sett i gang for å synleggjera litteratur som me meiner fortener meir merksemd og fleire lesarar.

Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket.

Målet med podkasten er å snakka samlingane våre ut av hyllene og heim til lyttarane.