Brannvernveka 2025 – nasjonal brannøving

Dei fleste alvorlege brannar skjer i private heimar – men der er det ingen krav om brannøvingar. For å gjera det enklare å vera førebudd, har Brannvernforeningen utvikla eit gratis verktøy der ein kan skreddarsy ei brannøving tilpassa eigen bustad og livssituasjon.

Du finn meir informasjon om øvinga og det gratis verktøyet her: 

www.brannovelse.no 

– Når det byrjar å brenne, tel kvart sekund. Difor er det utruleg viktig å ha øvd heime, slik at heile familien veit kva dei skal gjere for å kome seg raskt og trygt ut, seier varabrannsjef Geir Ove Pedersen.