Den kulturelle spaserstokken Voss

Den kulturelle spaserstokken skal sørgja for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre. DKSS skal leggja til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren, slik at det kan utviklast gode kunst- og kulturprosjekt lokalt. Tilbodet skal vera innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk og medverka til at eldre får eit tilpassa kulturtilbod på arenaer der dei held til i dagleglivet.

DKSS Voss har òg ein eigen konsertserie: «Kulturtreff – den kulturelle spaserstokken», med konsertar i Voss kulturhus og på biblioteket. Konsertserien er eit tverrfagleg samarbeid mellom Voss herad/DKSS, Voss bibliotek og Voss frivilligsentral.

OBS! Søknadsfrist for tilskotet er 1. oktober 2025