Den store SFO-dagen 2026

Den store SFO-dagen er ei nasjonal markering, og vert markert kvart år på den siste onsdagen i april. Tema varierer frå år til år, og dette året var det leiken som stod i sentrum onsdag 29. april.

Leik er sjølve hjarta i SFO, og ein av dei viktigaste bærebjelkane i skulefritidsordninga. Dagen er ein fin anledning til å løfta fram den avgjerande jobben tilsette i SFO gjer kvar einaste dag for barna sin trivsel, utvikling og fellesskap.  

Målet med den store SFO-dagen er enkelt, og det er å synleggjera leiken sin verdi og feira alt det gode arbeidet som vert gjort i SFO kvar einaste dag.  

Palmafossen og Vangen skule har feira stort

Palmafossen skule har dei hatt «Mesternes mester», til stor jubel i barnegruppa.  

Dei hadde den berykta 90 gradaren, der elevane stod til beina skalv. Dei hadde styrketest med ballong – det ser lett ut, men me lovar at det begynner å svi etter ei stund. Kims-leik, då måtte barna konsentrera seg og hugsa alle tinga som låg på brettet, dei kasta ball i bøtte og til slutt den gode gamle "blyant i flaske"-leiken. Etterpå vart det servert grilla fiskeburger med eple til dessert.  

Nokon elevar hadde laga flotte, fargerike plakatar på førehand og det vart hengt opp ballongar slik at det vart skikkeleg feststemning!

 

Vangen skule fekk dei som ville kle seg ut. Dei hadde pølsebod der borna fekk pølse i brød/lompe og eitt glas saft. Så var det pinjata som borna hadde laga på SFO i vekene før. Desse var så solide at alle fekk slå til dei vart lei. Inni låg det nokre bokstavar som borna skulle laga ein setning av. Etter dette fekk dei sjokoladekake. Me hadde i tillegg ulike stasjonar med leik. Det var cheese, kritt og paradis, hoppetau, ansiktsmåling og dansing.  

 

Ein utruleg kjekk dag for både store og små, og ei flott feiring av SFO!