Det er ikkje for seint!

Kjempespringfrø spreier seg raskt i heradet, og det er viktig at me gjer alt me kan for å hindra den. Det er enno ikkje for seint å gjere ein innsats i år.

Planta er lett å kjenne igjen på blomane. Fargen på blomane kan variere frå kvit, rosa til mørkeraude. Gudrun Folkedal

Planta kjempespringfrø er ei plante på lista over i uynskte artar med høg risiko for spreiing. Planta er i kraftig spreiing hjå oss, og konkurrerer ut lokale plantar. Dei fargerike blomane stel også pollineringskapasitet frå lokale artar og inneber eit trugsmål mot naturmangfaldet.

Kjempespringfrø er ei eittårig plante som spreier seg med frø og har eit svært grunt rotsystem. Når dei overtar område kan jorda verte utsett for erosjon pga. manglande røter i bakken til å halde jorda på plass. Den trivst særleg godt langs vatn og spreier seg lett gjennom vassdrag om den ikkje vert stogga.

Dersom det er mykje kjempespringfrø: slå dei ned med kantklyppar e.l. og la dei ligge i haug. Det er no mange plantar med mogne frø, så det er viktig at du passar på å ikkje ta med deg frø på klede/sko/utstyr frå arbeidet til nye lokalitetar. Pass også på ved mottak av jord/ bruk av overskotsmassar.

Dersom det berre er få eksemplar kjempespringfrø: luk planta og legg den i tett sekk og lever til restavfall (dette er gratis).

Dei rosa blomane gjer planta lett å oppdage. Mogne frøbelgar vil opne seg med ein smell og spreie føra sine opptil 6-7 meter. Dersom planta no får stå i ro, vil den fullføre frømodninga på alle blomane sine. I litteraturen er det oppgitt at ei plante kan produsere så mykje som 4000 frø.

Med ein felles innsats og samarbeid mellom det offentlege, grunneigarar og ålmenta er det godt mogleg å nedkjempa kjempespringfrø. Her treng me alle med på laget! Den gode nyhenda er at det ikkje er for seint å gjere tiltak i år.

Du kan lese meir i NIBIO sitt plantevernleksikon

Video frå Sabima om bekjemping 

Kjempespringfrø dannar tette bestandar og skygger ut andre planter. Samtidig gjer det grunne rotsystemet til planta bakken sårbar og utsett for erosjon i vinterhalvåret. Kari Mostad