Di stemme tel – spørjeundersøking om rasisme og diskriminering
Voss skal vera ein god stad å bu, der ingen opplever rasisme eller diskriminering på grunn av etnisitet eller nasjonalitet. For å jobba mot dette målet gjennomfører me ei anonym kartlegging og ynskjer å høyra frå deg om du har opplevd rasisme eller diskriminering på Voss.
Sist endra 18.03.2025 10.08
Viss du har mottatt denne digitale spørjeundersøkinga, håpar me at du tek deg tid til å svara – uansett om du har opplevd rasisme og diskriminering eller ikkje. Svara frå så mange som mogleg gjer at me får eit breiare bilete av situasjonen, og di stemme er viktig!
Undersøkinga er sjølvsagt frivillig, men me set stor pris på om du bidreg ved å dela dine erfaringar eller tankar. Jo fleire som svarar, jo betre grunnlag får me til kartlegginga og vidare arbeid.